mandag 25. oktober 2010

Velkommen til bloggen Jul i Romsdal

Jul i Romsdal er eit magasin for og av romsdalingar. Eksklusivt? Ja, i den forstand at det finst berre eitt slikt blad. Nei, på den måten at også er for alle andre interessert, og det hender vi har bidrag av medarbeidarar med så laus tilknytning til Romsdal at dei knapt kan kalle seg romsdalingar.

Berre eitt slikt blad?! Presisering: Jul i Romsdal 2010 blir trykt i 2200 eksemplar. Dette er + 200 frå i fjor. Er vi kanskje på veg opp igjen mot 4000 som var rekorden i 1980-åra?

Jul i Romsdal har mange brødre og søstre rundt om i landet. Dei heiter Jul på Nordmøre, Jul på Sunnmøre, Jul i Trøndelag og Jul ... nei Jol i Telemark, for å nemne nokre i familien.

Alle desse lever i beste velgåande og i ein lang tradisjon. Jul i Romsdal si historie begynte i 1930, som eit julenummer av Unge Romsdal. Utgivar i alle desse åra: Romsdal Ungdomssamlag.

Jul i Romsdal 2010 skal vere i handelen 10. november. Det blir eit godt blad. Du kan gle deg til Jul i Romsdal.

Redaksjon: Ola Gjendem og Øystein Eik

Send e-post til: juliromsdal@gmail.com